Tamburseminar 27. april 2013
Det vil skje i kammersalen i 2. etg. på Bergen kulturskule, Strømgt. 19 på laurdag 27. april 2013, kl. 11:30 – 18:30.
Me vil gjere merksam på at det er ope for alle, ikkje berre medlemar, og det til ein svært gunstig pris.
Me vonar at det korte varselet ikkje er til hinder for at du kjem, men enten det høver eller ikkje for deg, må du berre spreie at det skjer, om du trur andre kan ha glede av å komme.
Helsing styret.
Noregs tamburlaug inviterer med dette til tamburseminar i Bjørgvin
Stad: Rom 404 i 4. etg. på Bergen kulturskule, Strømgt. 19
Tid: laurdag 27. april 2013, kl. 11:30 – 18:30
Program
Kl. 11:30 Registrering og kaffi
Kl. 12:00 Opning
ved meistertambur NTL Rolf Seldal
Kl. 12:05 Gamle og nye slåttar:
Konsertforedrag ved æresmedlem, meistertambur NTL Eirik Sundvor og leiar i Noregs Tamburlaug, meistertambur NTL Ingar Ben. Nordby.
kl.. 12:45 Pause og drøs
Kl. 13:00 Speling: lær ein slått:
Parallelle sesjonar i fleire nivå.
Kl. 14:00 Pizza og drøs
Kl. 15:00 Dansekurs:
Me lærer fleire av dei gamle dansane med musikkfylgje frå ymse instrument.
Jone Michaelsen (frå Bygdedanslaget i Bjørgvin) vert danseinstruktør
Inviter gjerne fylgje til dansen og konserten.
Kl. 15:45 Pause og drøs
Kl. 16:00 ”Andre eldre folkemusikkinstrument”
Ein presentasjon av instrument og spel i klassen som tamburane konkurrer i på kappleikar
Ved Laila Kolve, Rolf K. Seldal og I. Ben. Nordby.
Kl. 16:45 Pause og drøs
Kl. 17:00 Embetsmennene i brudlaupa
ved kjømeister og spelemann Olav Steffen Eide.
Kl. 18:00 Avslutningskonsert.
Samspel: Presentasjon av resultata frå sesjonane i Lær ein slått
Buskspel
Seminaret er kr.0,- (gratis) for medlemar (inkl. pizza) og kr. 100,- for andre (inkl. pizza!)
Send påmelding til post@tamburen.no innan tysdag 23. april.
Hugs å ta med tromme om du har.
Mvh. styret i Noregs Tamburlaug