For medlemmer

Referat open tamburkveld i Oslo 07.05.2012

Dart vart for fyrste gong duka for tamburaften i Oslo i regi av Noregs tamburlaug (NTL). Hendinga fann stad i Store Slagverkstudioet på Norges Musikkhøgskole, og sidan det var fyrste gongen eit slikt arrangement fann stad utanfor Bjørgvin, var me samde om at det kunne vera ope både for medlemar og andre interesserte.

Frå styret i NTL var leiar, meistertambur Ben. til stades og frå lokale medlemar kom Bjørn Løken og Øystein Kristiansen. Til stades var også dei potensielle medlemane Kjell Tore Innervik og Heming Valebjørg. I tillegg fekk me høyra bidrag frå fløytisten Hans Olav Gorseth.

Kvelden byrja med at me synte NRK sitt program med Eirik Sundvor frå 1979.

Så fekk med ei avdeling der Kjell Tore Innervik på tamburtromme og Hans Olav Gorseth på fløyte fortalde om eit prosjekt dei arbeidar med no. Det handlar om å blanda eldre melodiar frå dei melodiske fele og fløytetradisjonane med dei gamle trommespilltradisjonane. Dei spelte fleire innslag, som Christian March – også kjend som Dragoner March, Bragenes March av 1722 kombinert med J. Sundvors Trondhjemmaren og til sist Saras, ein bortimot 6/8 marsj.

Så vart vestlandstamburen Ben. oppmoda om å spela ein slått. Først synte han notane til det Tamburlauget har førebudd til 17. mai i Bergen. Deretter spela han sin eigen halling «2 halve lingar til Dag» som nettopp hadde vore brukt på Fana Tattoo. Til slutt spelte han springarane Haavig-slaatten og Dala-slaatten.

Etter desse musikkinslaga vart det samtala om mogeleg samarbeid mellom NTL og til dømes Norges Musikkhøgskole.

I siste liten før alarmen vart sett på i huset, rakk me å avvikle ein tamburprøve, der alle som var tilstades synte seg dugande til å spele durreveljen og dermed fylte krava til å kalle seg tamburar. Diverre var det ikkje tid til å gjera nokon meisterprøve, men alle meinte at kvelden var så gjevande at ein etterfylgjar måtte komme. Einaste problemet på kvelden var at tida gjekk så altfor fort!

Referat v Bjørn og Ben.