For medlemmer

Referat frå tamburkveld 28.oktober.2011

Fredag 28. Oktober var det igjen duka for tamburkveld i regi av Noregs Tamburlaug i prøvesalen på Griegakademiet i Bergen.

På programmet stod følgjande:

- Kveldens slått presentert av Meistertambur Rolf K. Seldal
- Presentasjon av militærsignal med meistertambur I. Ben Nordby og meistertambur Rolf K. Seldal
- Tambur- og meisterprøve
- Buskspel (jamsession)
- Open scene
- Sosialt samkvem

Punktet med presentasjon av militærsignal gjekk diverre ut denne gong av forskjellig grunnar, men vi håpar at dette kan la seg gjøre ved eit anna høve.


Det var meistertambur Rolf som leia oss gjennom kvelden med ein kyndig hand, og kveldens slått;  ”Brudlaupsslaatt fraa Os” som var etter Torkell Skeie blei grundig demonstrert av meistertamburen. Kveldens slått som var ein springar(3 delt takt) blei utdelt i forskjellige notasjonsformar og taktartar, både i tradisjonell notasjon etter Johannes Sundvor, og i munnleg tematikk etter meistertambur Rolf K. Seldals metode som han bruker i si lærebok ”Hvordan lære tradisjonelle trommeslåtter”.
Sundvor hadde notert slåtten i 4 ulike versjonar der han utforska med å skrive i 16/32 dels takt og i 6/8 dels takt. Stikking var også notert, og i den siste versjon fant ein også en variasjon i stikkingen som var ulik alle dei andre.

(Den nedste versjonen har truleg ein skrivefeil i 2. takt, men i tredje siste takt i det siste veket er ein fin variasjon som er annleis enn i dei tre fyrste.)

Notasjon etter systemet i ”Hvordan lære tradisjonelle trommeslåtter” av Rolf K. Seldal


Det verka som at dei forskjellige notasjons formane var interessant for dei frammøtte tamburane, som også seinare fekk være med og spele slåtten ute på golvet saman med meistertamburen. Dette utvikla seg til eit godt samspel direkte!

Vidare blei det diskutert i god tone mellom tamburane om korleis springar vert spelt i ulike tradisjonar, og denne diskusjonen utvikla seg etterkvart til ein form for buskspel der dei ulike tamburane demonstrerte og delte sin kunnskap med kvarandre.

Neste punkt på programmet var tambur- og meisterprøvar. Det var 3 stykkjar som ville prøve seg på dette denne kvelden: Snorre Svenningsen, Tormod Kayser og Trond G. Dale.

Opptaksstykket for tamburprøven som er Norsk revelje i dur prøvde både Svenningsen og Dale seg på, og begge blei av ein sameint jury beståande av meistertamburane Drange Vee, Nordby og Seldal godkjent som tamburar.
Så var det Tambur Kayser sin tur å prøve seg på meisterprøven der opptakskravet er at ein må spele 3 forskjellige slåttar i ulike danseformer. Kayser blei godkjent med glans, og juryen kom med konstruktiv kritikk og råd for vidare arbeide. Svenningsen blei kanskje inspirert av Kayser og meldte seg like godt på meistertamburprøven same kveld som han vart godkjent tambur. Han blei også her godkjent av den sakkyndige juryen.

Resten av kvelden fortsette i ein munter tone der buskspel og fagleg disputt stod på programmet, så no er det berre å sjå fram og gle seg til tamburseminar og julebord i slutten av November.

På vegne av styret i Noregs Tamburlaug
Tambur Trond G. Dale