17. mai i Bergen 2011
Frå venstre fanebærar Liv, tambur Ben, tambur Gaute og tambur Alexander (dei tre siste er styremedlemer i lauget)
(foto: Nils Petter Berg)
Noregs Tamburlaug var representert i Hovedprosesjonen i 17. mai-toget i Bergen. Foreningen “Det Glade Bergen” hadde både invitert oss til å gå med dei, og til og med laga ein liten plakat som våre 3 tamburar Aleksander, Gaute og Ben. gjekk under.
Dei spela fire utvalgde trommeslåttar:
Rechts- og Links (frå Mauranger), etter Thormod Hansen, nedskriven i Bergen 17/1-1928,
saluttslåtten “Telleslåtten”, bryllupsslått fra Sund på Askøy i Nordhordland, etter Elias Høyland, som hadde den etter Baste Telle (spilt slik som J. Sundvor spilte den på NRK i 1937),
bryllupsspringaren etter Jon Håvik, oppteikna i Bergen i 1918 – i den gamle formen med 7 + 5 taktar,
og sist, men ikkje minst, Brudlaupsslåtten i reinlendartakt frå Strandvik etter Johannes Sørtveit (Berge).
Både våre vertar i toget og publikum som sto langs ruta gav uttrykk for at dei sette stor pris på det nye innslaget i 17.mai-toget.
Ben.