For medlemmer

Vedtekter

Vedtekter for Noregs tamburlaug

Mål:
§ I: Noregs tamburlaug (stifta 6.2.2011) har som føremål å fremje den norske trommeslåttradisjonen.

Laugsverksemd:
§ 2:

2.1  Lauget skal vera pådrivar for at det vert arrangert seminar og drive opplæringsarbeid gjennom kurs/seminar. Dette bør skje minst ein gang i halvåret.

2.2  Lauget skal vera eit forum for å ta opp spørsmål som kan fremje folkemusikkarbeidet med vekt på slåttetromme.

2.3  Lauget skal halde minimum eit styremøte pr. halvår.

2.4  Lauget skal kunne sertifisere tamburer og meistertamburer. Godkjenningsprøve for tamburer skal vera “den norske reveljen” i dur. Godkjenningsprøve for meistertamburer skal vera å spille 3 slåtter i forskjellige dansetakter. Godkjenningsprøven bør gjennomførast i tradisjonen. Styret oppnevner ein jury.

2.5  Lauget skal vera pådrivar for at det vert oppretta og vert oppretthaldt lokallag.

Tilknyting:
§ 3: Lauget er ein frittståande organisasjon registrert i Brønnøysundregisteret.

Styret:
§ 4: Styret skal vere samansatt av leiar og 3 faste medlemmer. Leiar vert valt av årsmøtet for 1 år. Styremedlemmene velgast for 2 år, slik at minimum ein av dei er på val kvart år. Det skal også velgast 2 setjemedlemmer til styret for 1 år. Det veljast 1 revisor for 1 år. Styret konstituerer seg sjølv.

Årsmøtet:
§ 5: Årsmøtet er Noregs tamburlaugs høgste instans. Årsmøtet skal haldas kvart år innan utgongen av mars.
Alle saker som skal avgjerast her, må vere oppførde på sakslista. Denne skal gjerast kjent for laugets medlemmer gjennom rundskriv seinast 2 veker før møtet vert halde. Forslag til saker på årsmøtet må vere styret i hende seinast 3 veker før møtet, og dato for årsmøtet må vere kunngjort medlemmene minst 1 veke før denne fristen.
Alle som har vært medlem i minst 3 månader og har betalt årets medlemskontingent har stemmerett på årsmøtet.                                                                                                      Årsmøtet behandlar forslag til årsmelding frå styret og regnskap for siste rekneskapsår. Dei faste styremedlemmene har ikkje stemmerett på godkjenning av reknskap og årsrapport.
Vidare vedtar årsmøtet rammebudsjett for det komande året.  Medlemskontingent fastsettes også av årsmøtet. Vedtektsendringar vedtas av årsmøtet med 3/4 fleirtal. Årsmøtet setter ned ei valnemnd på 2 medlemmer som kjem med forslag til nye tillitsfolk i lauget.

Ekstraordinært årsmøte:
§ 6: Ekstraordinært årsmøte skal haldast dersom styret finn det naudsynt eller dersom minst 1/3 av medlemmene krev dette.

Heidersmedlemmer:
§ 7: Styret kan utpeika heidersmedlem av Noregs tamburlaug. Dette skal vere personar som gjennom lengre tid har arbeidet godt for lauget, eller som aktivt har delt av si kunne om den norske trommeslåttradisjonen. Heidersmedlemmene får gratis livslangt medlemskap i organisasjonen.

Oppløysing:
§ 8: Lauget kan berre oppløysast av årsmøtet med minst 3/4 fleirtal, og ikkje dersom minst 5 medlemmer går mot dette. Dersom lauget vert oppløyst skal laugets midlar og eigedom tilfalle ein likeretta norsk organisasjon eller institusjon etter vedtak av årsmøtet.